• +47 55 300 600
  • post@ogarkitekter.no
Arkitektur | Interiørarkitektur | Plan

Detaljregulering for Kvassnesbakken

  • Kommunens saksnr.: 19/1412
  • Vår ref.: 180470, Kvassnesbakken
  • Dato: 25.09.19

I medhald av plan- og bygningslova §12-14 vert det varsla om oppstart av reguleringsplanarbeid for KVASSNESBAKKEN, gnr. 188, gnr. 701, Knarvik BBB 2, Kvassnesvegen, Lindås kommune.

Forslagsstiller er Erstad & Lekven Utbygging AS. Utførande konsulent for planarbeidet er Holon Arkitektur AS.

Planområdet ligg i Kvassnesvegen i Knarvik og omfattar gnr. 188, bnr. 701, samt deler av gnr. 188 bnr. 642. Eigedomen har tidlegare vore nytta som gjenbruksstasjon for NGIR. Området ligg innanfor områdereguleringsplanen for Knarvik, og er der regulert til bustadblokk, felt BBB2.

Formålet med reguleringsplanarbeidet er å leggje til rette for bustader i tråd med overordna planar. Planarbeidet er vurdert til å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing etter gjeldande forskrift.

Førebelse vurderingar i skisseprosjekt tilseier eit utbyggingsomfang på om lag 35 leilegheiter. Parkering skal løysast under bakken. Felles uteområde er planlagd som eit tun, plassert mot sørvest. Avgrensinga av planområdet går fram av vedlagte kart.

Merknader og innspel til oppstart av planarbeidet kan sendast til: Holon Arkitektur AS, Kanalveien 11, 5068 Bergen, eller e-post: post@holon.no. Merk alle førespurnadar med vår referanse 180470, Kvassnesbakken.

Frist for innsending av merknader er 25.10.2019.

Alle mottatte innspel og merknader blir vurdert og lagt ved innsendinga til Lindås kommune for sakshandsaming. Det er difor ikkje naudsynt å sende kopi til kommunen.

Spørsmål kan rettast til Holon Arkitektur AS ved Jan Espen Vik på e-post janespen@holon.no, eller tlf. 55 30 06 00.