• +47 55 300 600
  • post@ogarkitekter.no
Arkitektur | Interiørarkitektur | Plan

Varsel om oppstart av planarbeid – Detaljregulering for Røttingen – Hauge, 29/8.

  • Kommunens saksnr.: 17/3155
  • Vår ref.: 170420
  • Dato: 03.12.18

I medhald av plan- og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Røttingen - Hauge, gnr. 29, bnr. 8, i Søre Øyane i Os kommune.

Aimar Kjærgård er tiltakshavar. Og Arkitekter AS er utførande konsulent for planarbeidet.

Planområdet ligg på Røttingen i søre Øyane i Os kommune. Området er i gjeldande kommuneplan sett av til bustad og grøntstruktur. Området er i dag regulert til jord- og skogbruk. Formålet med reguleringsplanen er å legge til rette for bustader og grønststruktur. Nye bustadområde vil liggje i områda som er sett av til dette i kommuneplanen. Plangrensa er sett i samarbeid med Os kommune.

Innspel eller merknader kan sendast skriftleg til:
Og Arkitekter AS, Kanalvegen 11, 5068 Bergen, eller e-post: post@ogarkitekter.no.

Frist for merknader er sett til 15.02.2019.

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til Og Arkitekter ved Karen Reinholdtsen eller mob. 975 34 313.